Om Ungdomsrådet

Ungdomen i Setesdal vil bli høyrt! Nøkkelord for måloppnåing er deltaking og engasjement! Med felles innsats kan ungdomen sjølv påvirke positivt. I tett samarbeid med kommunane optimaliserer me resultatet og kjem nærare målet; Setesdal så god som råd for alle!

Må ha alle med!

Med initiativtakarane Jon Toralf Frafjord Helle, Amalie Skaiå Larsen og Marcus Andersen Holte i spissen held arbeidet med å samle ungdomen i dalen fram. I dag er det kun Evje og Hornnes kommune som har hatt eit ungdomsråd her i dalen. No har mer fått på plass vedtekter både til det regionale rådet og til eventuelle ungdomsråd i Bykle, Valle og Bygland.
Bli med!

Treng mandat

No er det behov for å få på plass mandat frå dei enkelte kommunestyra. I tilllegg skal Setesdal regionråd med, slik at ein kan velje medlemmer til rådet og gruppene kan starte arbeidet. Me oppmodar dei enkelte ordførarane i dalen om snarast å gje mandat til å etablere ungdomsråd, finne midlar til drift og elles legge til rette for hjelp der det er nødvendig.

«Ungdomens regionråd»

Det er representantar frå dei kommunale ungdomsråda som etter kvart skal utgjere det regionale ungdomsrådet. På dette viset slår me eit slag for ungdomeleg engasjement og deltaking! Me vil ha ungdom frå heile dalen med, saman skal me kjempe gjennom saker som er viktige for alle som er unge i dag.
I tillegg til ein partinøytral arena der ein kan engasjere seg politisk, har arbeidet utan tvil også ein sosial dimensjon:
Bli kjend med anna ungdom i Setesdal!