«Det er ein siger for oss i SGoS at dette no vert realisert»

Ungdomsråd blir oppretta i alle kommunane i Setesdal, - stor felles samling onsdag 31.01.2018 på Revsnes

Då er det endeleg duka for oppstart av ungdomsråd i alle kommunane i Setesdal, etter initiativ og påtrykk frå Setesdal Gründer og Samfunnsutvikling (SGoS). SGoS arrangerte samlingar våren 2017, der dei mellom anna fekk besøk frå Hallingdal Ungdomsråd. Ein merka seg at dette var det stor interesse for! På biletet ovanfor ser du tre av eldsjelene i SGoS, som jobba for å få dette til; Marcus Holte, Amalie Skaiå Larsen og Jon Toralf Helle.

Representantane er no valt inn og alt er klart for fyrste møte, som blir ei flott felles-samling på Revsnes Hotell, onsdag 31.01.2018. Det blir ein dag med kursing og inspirasjon, og felles lunsj. Ei flott anledning for ungdommane i råda til å bli kjent med kvarandre.

Mandal Barne- og Ungdomsråd kjem også på besøk; dei delar sine erfaringer og kjem med mange tips og råd til ungdommane i Setesdal.

Det er flott at born og unge i Setesdal no får ein solid arena for å bli høyrt i saker som vedkjem dei, og ein stad der dei kan kome med sine tankar om å vere ung i Setesdal.

I tillegg til at det vert etablert lokale ungdomsråd, vert det også oppretta eit regionalt ungdomsråd for Setesdal, med representantar frå dei lokale ungdomsråda.

 «Det er ein siger for oss i SGoS at dette no vert realisert», seier Jon Toralf Helle, som er ein av pådrivarane for å få dette på plass. «Fram til no er det berre Evje og Hornnes som har hatt eit aktivt ungdomsråd, og det ynskte me å gjere noko med! Born og unge har rett til å bli inkludert i demokratiet; dei har rett til å bli høyrt. No kan dei vere med å spele ei aktiv rolle i samfunnsutviklinga i Setesdal», fortset Helle.

 

Me gler oss til fyrste samling og ny giv for unge i Setesdal!