Om Ungdomsfestivalen

Jovisst er det mykje arbeid, men i gruppa er pågangsmot og entusiasme i massevis – me gler oss til å sjå ungdom frå heile Setesdal delta i det me har planar om å få til saman!

God start i regionrådet

Med Setesdal gründer- og samfunnsutvikling som overbygg, og aktive undergrupper i sving av, med og for ungdomen – er men o godt i gang. Setesdal regionråd gav oss startskotet, me tar ballen vidare! Framleis står det att ein del detaljar før me er klare til å kome med eit fullt program. Det me likevel alt no vågar å seie, er at dette blir ein fest med underhaldning av så mange slag festivalen gjennom. Musikk, aktivitetar, kast deg med! Så kan me ikkje få noko slikt i hamn utan endå fleire gode krefter enn det me alt har. Folk må stille opp, ta med humør, og kvar og ein ta ansvar for å lyfte stemninga himmelhøgt!