Musikkfestival til Bygland

I lokalavisa Setesdølen kan ein denne veka lese meir om den nye musikkfestivalen som kjem til Bygland - og dei hev til og med satt ein dato!

Frå Setesdølen:

"Det blir etablert ein ny musikkfestival på Bygland til sommaren. Laurdag 21. juli er datoen for storsamling på det idylliske museumstunet. "Det blir ein pop-prega musikkfest med ei musikalsk blanding som skal passe dei fleste, ikkje konkurranse til countryfestivalen på Evjemoen" seier to av initiativtakarane Roy Bjørnestøl frå Byremo og Trond Haugå frå Bygland. Dei har laga eit eige selskap, Setr AS, som står økonomoisk ansvarleg for arrangementet. Initiativet er likevel eit underbruk av Setesdal regionråd si ungdomssatsing, SGoS, som står for Setesdal Grunder og Samfunnsutvikling. 

Vil vise fram dalen

"Poenget vårt er ikkje å tene pengar på arrangementet. Arbeidet er prega av frivillig innsats. Målet er i vise frem dalen og trekke til oss musikalske krefter som me elles ikkje hadde fått hit" seier de to. Dei har alt gjort nokre artistavtalar, men held det førebels tett til brystet. Målet om 800 - 1000 menneske på konsertane dette første året. Det blir familieprogram om dagen, men med vaksengrense på kvelden.