Studietur til Oslo

Den 12. november reiste eit knippe spent ungdom frå næringsgruppa til Oslo, der skulle dei i løpet av måndagen besøke BI og Innovasjon Norge.

Alle kom trygt fram sundagskvelden, så vi byrja opphaldet med ein god middag og tidlig retur til hotellet. Måndag morgon møtte ein engasjert gjeng opp på BI klokka 0900, klar for dagens utfordringar! Der vart dei godt motteke av nokre studentar som skulle følge dei fram til lunsj. Frå resepsjonen gjekk vi til eit område som heiter BI Startup, der dei fekk ei kort, men vel så lærerikt, møte med høgskulelektor Tor Haugnes, før gjengen sjølv fekk prøve seg på ei caseoppgåve. Der var fokuset korleis ein skulle føre eit produkt vidare.

Produktet i casen var Mr. Gripy, utvikla av HappyNorwegian, som er to studentar på BI. Skikkeleg tøft! Denne oppgåva skulle dei då pitche (presentere) foran ein uhøgtideleg jury. Juryen var berre fem studentar frå BI, og det var dei som fulgte gutane frå Setesdal den dagen, saman med ein frå HappyNorwegian som hadde utvikla produktet som skulle pitches. Det vart Knut og Roy på eit lag, mot Jon Toralf, Trond og Torjus på det andre. Båe laga hadde gode pitcher, men til slutt stakk Roy og Knut av med sigeren. Etter dette var det ein kjapp matbit før dei raskt gjekk vidare for å delta på ei førelesing om markedsplan. Etter førelesinga fekk dei ein liten tur rundt på BI, før dei takka for at dei fekk komme og sette kursen mot Oslo sentrum igjen.        

Der ble det tatt ein kjapp pause før turen gjekk vidare til Innovasjon Norge, der dei hadde eit møte med Ove Haaversen-Westhassel. I møte med han fekk dei diskutert ulike moglegheiter for søkjarane i prosjektet til å kunne søke hjå dei, samt at vi mottok mange tips innanfor gründerverksemd og entreprenørskap. 

 Alt i alt var turen ei god og minnerik oppleving for alle deltakarane, og ikkje minst gav møtet med dei ulike personane mykje god kunnskap til ei vidare drift av SGoS – Business. 

Strudieturen var en del av Gründeruka 2018, og takk til Ungt Entreprenørskap som la til rette for ein lærerik tur!