Om Næringsgruppa

Kva er SGOS – Business? Det handlar om lokal næringsstøtte! Under SGOS er vårt oppdrag å hjelpe unge menneske med å etablere seg i Setesdal. Alle frå 16-35 år er i målgruppa! Søknadsprosessen vår skal vere enkel, på nett, og heilt gratis!

Har du noko å tape på å søke? Nei! Kort sagt skal me arbeide for å utvikle unge gründarar og Setesdal med. Me ynskjer oss fleire unge bedriftsstartarar i dalen! Arbeidsplassar er punkt nr. 1 når ein vil ha fleire mennesker til Setesdal, og det er akkurat arbeidsplassar me ynskjer å hjelpe til å etablere. Så treng ein slett ikkje vere «innfødd» for å søke hjelp hjå SGOS – så lenge ein vil satse og bu her i dalen er alt av interesse!

Kva kan me tilby?

I næringsgruppa har me kome fram til ulike tiltak for å hjelpe den eller dei som vil satse. Det største og mest sentrale tiltaket er etableringsstøtta.
Støtta er todelt,  fase 1 kan ein få midlar som kan brukast til å undersøke sjølve ideen. Er det råd å få til noko? Korleis ser marknaden ut?
I fase 2 får ein midlar til sjølve etableringa. Då spelar mange faktorar inn med tanke på kor mykje ein kan få. Ei grundig evaluering av behov og potensiale ligg til grunn. Etter etaleringsstøtta kan me også hjelpe med ei mentorordning. Det er altså råd å få profesjonell hjelp til mellom anna rekneskap, det juridiske osv.

Kontakt oss!

Vi er svært aktive på Facebook! Der finn du det du treng å vite om oss, og viss ikkje, så sender du ei melding! Du finn oss også på Setesdal regionråd si heimeside. Både der og på Facebook ligg me også inne med søknadsskjema. Er du ikkje på nett, kan du kontakte oss på telefon!
Me ser fram til at DU tar kontakt!


E-mail: Setesdalbusiness@gmail.com

Tlf: 48004477

Kontaktperson: Trond K. Haugå