“Med eit hjarte for heimstaden, og ei positiv tru på framtida ”

I starten sette businessgruppa i SGoS seg eit ambisiøst mål. 10 nye arbeidsplassar i prosjektperioden! Og med ein gründermillion i potten sette dei i gong arbeidet. Sidan har søknadene kome rekande inn: Til no har 11-12 gründarar fått støtte av ulik art.

Statistikk fortel oss at om lag 70% av alle nyetablerte bedrifter opphøyrer i løpet av dei fem fyrste åra.

Nokre av årsakene til det kan vere uflaks, men også dårleg økonomisk styring og for lite arbeid med forretningsplanar. Businessgruppa ynskjer å vere på ballen når det gjeld dette, og inviterte difor alle som har fått støtte gjennom SGoS på eit intensivt kurs i økonomi og forretningsplan laurdag 21. Oktober.

Dei hyra inn siviløkonom Glenn Q Håkonsen som kurshaldar, med erfaring i Oljefondet, som rådgjevar for ymse bedrifter, som lærar ved BI og Handelshøyskolen, og no dagleg leiar i Konsesjonskraft IKS. Han gav gründerspirane mange matnyttige tips for vegen vidare. Han følger også opp deltakarane i etterkant.

Å skape sin eigen arbeidsplass kostar mykje. Det kan ta lang tid før inntektene blir høgare enn utgiftene. Stikkord er lange dagar, mykje arbeid og lite pengar. Det krev altså både kraftig motivasjon og arbeidslyst, men også kunnskap om dei kjedelege kontortinga: budsjettering, rekneskap, debet og kredit, skattemelding osb.

Søknadene har kome frå alle kantar i Setesdal, jamt fordelt frå Bykle i nord til Evje og Hornnes i sør. Eit fellestrekk blant søkarane er at dei har eit hjarte for heimstaden og ei positiv tru på framtida som dei «vaksne» kunne lært både det eine og andre av!

 

Businessgruppa har også andre ting på plakaten i haust. I november blir Gründeruka arrangert over heile landet, sjå link: https://www.uka46.no/om-grunderuka/.

SGoS er sjølvsagt på ballen. I Gründeruka reiser businessgruppa til Oslo på kurs hjå BI Startup, som jobbar med klyngebasert entreprenørskap og innovasjon. Fredag 17.11 arrangerar SGoS, saman med Ungt Entreprenørskap (http://www.ue.no/Agder)  og Sparebanken Sør ein karrieredag på Bygland skule. Her er fokus personleg økonomi og karrierevalg i Setesdal i framtida. Meir om dette kjem seinare. 

 

Gruppebilde, fra venstre: Glenn Q Håkonsen,  Lars Rysstad, Svenn Kvaale Winther, Hanne Sofie L. Nilsen, Trond K Haugå, Torjus Høiland Ween, Ragnhild Normeland og Jon Toralf Helle.