Karrieredag for 9.klassane ved Bygland og Valle skule : Draumar, samarbeid og framsnakking

Fredag 17. november arrangerte næringsgruppa i SGoS, Ungt Entreprenørskap og Sparebanken Sør ein «karrieredag» på Bygland skule, der også 9.klasse frå Valle deltok. Spesielt når klassane er små er det kjekt å samlast fleire. Om lag 40 elevar samla seg på Bygland denne dagen.

Ungt Entreprenørskap og SGoS

Næringsgruppa i SGoS jobbar for å fremje innovasjon og entreprenørskap blant unge vaksne og ungdom i Setesdal. Ungt Entreprenørskap(UE) har i ei årrekke jobba med dette på skular i heile landet, og har solid kompetanse på området. Difor er SGoS glade for å ha eit godt samarbeid med UE for å oppmuntre til meir entreprenørskap på skulane. Karrieredagen på Bygland skule var ein del av «Grûnderveka 2017» som blei arrangert i heile landet, sjå link: https://www.uka46.no/

Tharald Lundvall frå Ungt Entreprenørskap ynskte velkommen og fortalte elevane om denne skuledagen. Det er han som har sydd saman opplegget for dagen, i samarbeid med SGoS og Sparebanken Sør.

Draumar om framtida

«Kva gjer du, og kor er du, om 15 år» var eit sentralt spørsmål denne dagen. Rådgjevaren på Bygland skule, Ann Cecilie Attestog, utfordra elevane til sjå for seg livet sitt om 15 år. Dei som gjeng i 9. og 10. klasse stend framfor nokre livsviktige val. Då er det lurt å ha gjort seg nokre tankar på førehand.

Knut Skjevrak fortalte elevane litt om SGoS; at han er med i prosjektet for å vere med å skape meir liv og røre i regionen, samt vere pådrivar for å få fleire unge til å skape sin eigen arbeidsplass, - i Setesdal. Han har lagt ned utallege timar i prosjektet, og er også med på andre spanande ting me vil høyre meir om i nær framtid.

Det manglar ikkje på idear, men me treng også kunnskap om korleis det store biletet innan næring utviklar seg ,difor inviterte næringsgruppa Øyvind Nese, som er dagleg leiar i Smaken av Setesdal for å gje elevane nokre peikepinnar for framtida.

Mat, opplevingar og kraft

Me fekk høyre eit inspirerande foredrag av Øyvind Nese, både for vaksne og ungdommar. Nese var innom det faktum at om få år vil om lag 2 milliardar arbeidsplassar forsvinne på versbasis. Robotar og teknologi har allereie forandra verda radikalt, men dette er berre byrjinga. Men enkelte ting vil ikkje forandre seg; ein vil framleis ha behov for mat, energi, - og opplevingar. Setesdal er full av moglegheiter med andre ord, med mykje potensiale både innan kraft, mat og opplevingar. Øyvind Nese kallar desse tre for «den nye olja».

På direkte spørsmål om kva han tenker om Setesdal om 15 år, var Øyvind Nese tydeleg på at det er håp! Han svara at det handlar om å like å bu på bygda, om å like folk og å bli flinke til å framsnakke kvarandre. Samarbeid er eit nøkkelord; Saman er vi sterke!   

Personleg økonomi

Sparebanken Sør var også med på Karrieredagen. Dei heldt eit kurs i personleg økonomi for elevane. Dette er kjernekompetanse når ein etter kvart skal ut i verda og stå på eigne bein. Alt i alt fekk elevane mykje input denne dagen.  

Meir entreprenørskap og innovasjon på skulane

Næringsgruppa i SGoS håpar å kunne spinne vidare på denne dagen, mellom anna ved å ha fleire slike felles samlingar for skulane i Setesdal.  Verda er i endring, og me treng fleire idear, nye idear og tankar for framtida i Setesdal. Å samarbeide med Ungt Entreprenørskap som har mykje kompetanse og erfaring innan innovasjon og entreprenørskap på skulane er difor noko SGoS set stor pris på. Valle skule har etablert elevbedrifter på skulen, noko SGoS verkeleg heiar på, og håpar fleire skular kastar seg ut i det. Entreprenørskap og innovansjon må byrje tidleg!

Tusen takk til Bygland og Valle skule for samarbeidet denne dagen!