Etablererstøtte

Ein kan søkje om to ulike faser i ein etablering:

Søknad - fase 1

Businessgruppa ynskjer å etablere så mange bedrifter i Setesdalen som mogeleg. Difor etablerte vi ei fase 1 stønad; for deg som ein forretningsidé. Du kan få støtte til alt frå mentorhjelp, revisor, eller andre typar kostnadar som kan komme ved undersøkinga av din idè! Vi stiller ingen krav til at du må realisere denne drømmen. Det einaste du treng er å vise at du brukar stønaden på bedriftsrelatere utgiftar. Dette er ei god løysning for dei fleste som lurar på om ideen kan bli til ei lønsam bedrift. Viss du allereie har gjort denne undersøkinga, bør du gå på «søknad fase 2».

P.S bedrifta treng ikkje være gigant, eller ein millionidè, dette er alt frå A til Å, og søknaden tek berre nokre minutt å fylle ut, så søk! 

 

Søknad - fase 2

Viss du har gjort all din undersøking, og er klar for oppstart står vi ved di side. Ved fase 2 er du klar for etablering, og da vil vi hjelpe deg med alt vi kan! Når du er klar for oppstart er det lurt å søkje her, slik at sjansen for suksess er enda større! I fase 2 vil du sjå på ei større stønad enn fase 1, samt at mentorordninga vår vil også være relevant for dei fleste.

         Fleire har allereie vært igjennom fase 2, og utnytta våre tenester. Å fylle ut søknad 2 er heilt gratis. Alle medlemmer i businessgruppa som er med å vurdere søknader har teieplikt. Spørsmålet er eigentlig kva du har å tape? Vi gleder oss til å motta søknaden din, så søk!

 

Søknadskjema finn du ved å følge denne linken: 

http://www.setesdal.no/stoenad-til-etablering-av-bedrift.5951306-402030.html