Veterinær-Tone flyttar heim til Setesdal og skapar sin eigen arbeidsplass!

SGoS er stolte av å kunne presentere Tone Bjørgum Ryningen (30), frå Valle, som like over nyttår opnar veterinærpraksis på Bygland, sentralt plassert like ved riksveg 9.

Like over nyttår opnar Tone veterinærpraksis på Bygland, sentralt plassert like ved riksveg 9. Her vil ho tilby veterinærtenester til både kjæledyr og husdyr, i tillegg til å selge fór og ymse utstyr. Lokalane blir klargjort no, så alt ligg til rette for gode høve, både for folk og ja, fe. 

Å skape sin eigen arbeidsplass er mykje arbeid. Ein må vere førebudd på at det kan ta tid før ting gjeng av seg sjølv; ein skal bli kjent i marknaden, skaffe seg kundar, vere god på det ein held på med. I tillegg er det ein heil del andre ting å tenke på, som t.d. økonomi, reiknskap, skatt og moms, marknadsføring osb. 

Tone er likevel fast bestemt på at dette skal gå, ho har ein langsiktig plan. 

Flyttar heim til Setesdal

Fram til jol jobbar ho som veterinær i Sulldal, men i romjola flyttar ho heim til Setesdal att, til garden Haugetveit i Åraksbø der ho skal bu og drive gard saman med kjærasten. Då er ho klar til å iverksette ideen sin om eigen veterinærpraksis. «Det blir opning tidleg i 2018, og eg gler meg veldig», seier Tone, som legg til at ho har blitt svært godt tatt i mot i bygget på Bygland. «Her blir det gode høve for undersøkingar og operasjonar, det manglar ikkje på fasilitetar», seier Tone, som også er nøgd med nærleiken til riksveg 9. 

SGoS` etablerarstøtte

Tone B Ryningen er midt i målgruppa for SGoS prosjektet, der fleire arbeidsplassar og entreprenørskap er eit av hovudmåla. Det handlar om meir fokus og engasjement blant ungdom og unge vaksne, - for utviklinga i Setesdal. «Dette er eit svært konkret døme på at dette har vore eit godt prosjekt, og syner at det faktisk har virka» seier Dreng Ose, som er leiar i styringsgruppa for SGoS. Å kome i gong med slike etableringar krev sjølvsagt fagleg kompetanse, at ein er god til det ein vil drive med, i tillegg til at ein likar det. Men det krev også mot, - og pengar. Ein gjeng ei usikker tid i møte, og ein veit at det kan gå lange tider før inntektene vinn over utgiftene. Samstundes må ein satse og investere.

SGoS midlar gjer det litt lettare for nyetablerarar å sette i gong med investeringar, og støtta kan vere den ekstra motivasjonen som trengs. 
SGoS har også gjeve støtte til andre, i alt har 11 stk. fått støtte til å utvikle og etablere sin eigen arbeidsplass. SGoS bidreg også med annan støtta, t.d i form av rådgjeving og mentoring for ferske entreprenørar.
Me gler oss til å presentere fleire nyetableringar i tida som kjem, det rører seg blant dei unge i Setesdal.
Me i SGoS er stolte av å kunne vere til hjelp for Tone når ho nå realiserar ideen sin, og ynskjer ho all mogleg lukke til vidare. 

Heia Tone!