Om Landlivskontakten

Landlivskontakten`s opprinnelse 

I høve prosjektet «Setesdal Gründer og Samfunnsutvikling» har det blitt oppretta ei prosjektstilling ut frå ei delgruppe som heiter «Landlivsgruppa». Denne stillinga har fått namnet «Landlivskontakten i Setesdal»

Landlivskontakten har som mål å take i mot førespurnader frå folk som kan vere interessert i å vite kva dei 4 Setesdals kommunane har å by på. Ein skal også følgje tett opp eventuelt nye innbyggjarar i kommunen og integrere desse så godt ein kan. Ein vil gjennom prosjektperioden ha kontakt med bedrifter i Setesdal og NAV for å halde oversikten på kva ledige stillingar det er ute på marknaden. Ein vil også følgje med på hus, leilegheiter og småbruk som er til sals og til leige i Setesdal for å ha ein oversikt over dette.

Setesdal er ein lang dal med mange miljø, aktivitetar og sosiale lag, og landlivskontakten har derfor utvalde ressurspersonar i kvar kommune som ein kan støtte seg på. Ein vil då alltid ha nokon i sitt nærmiljø som enten har vore i same situasjon sjølv eller som har eit stort ynskje om å integrere nye innbyggjarar i sitt nærmiljø.

Dreng Ose er pr i dag ansatt som Landlivskontakten i Setesdal.

Han er fødd i 1982 og bur på slektsgarden på Ose i Bygland kommune saman med sambuar og ein son. Som tidlegare forsvarsansatt og 11 år i oljenæringa som reisereperatør har han vore ute i verda og sett korleis livet kan levast utanfor Setesdal, men han har aldri vore i tvil om at det er på garden på Ose han vil bu og leve.

Dreng er engasjert i lokalmiljøet og har eit stort nettverk i Setesdal, han og ressurspersonane i kommunane står klare til å take i mot nettopp din hendvendelse. 

Mail: landlivskontakten@setesdal.no
Mobil: 90561367