- Eg måtte heilt til Australia før eg fann ut at det var i Valle eg høyrde til!

På trammen utanfor eit kvitt hus i gamal tradisjonell stil på Rysstad skal ein veninnegjeng på 9 damer møtast for å dele tankar og erfaringar rundt det å bu i ei lita bygd midt i Setesdal.

Kristine Bjørgum (36) er vert i kveld og har plassera ektemannen ved grillen og ho har dekka langbord.  Ein etter ein kjem damene som saman skal gje meg eit bilete av korleis dei tykker det er å bu på ein plass som denne. Heimen til Kristine og Andreas ligg idyllisk til mellom bakkar og berg, med ei utsikt som kan ta pusten frå deg og ei ro som ein kvar vil setje stor pris på.

Rysstad er ei lita bygd i Valle kommune. I Valle kommune er det rett over 1200 innbyggjarar. Det er to senter i kommunen, Valle og Rysstad.  Kommuneadministrasjonen ligg i Valle. Både Valle og Rysstad har eigen barnehage, skule, SFO,  butikk og kyrkje.

Samtalen gjeng lett rundt bordet og eg, som halvvegs utanfrå, føler meg med ei gong hjarteleg velkomen. Me talar om kva som fekk dei til å etablere seg akkurat her.

- Det var tilfeldigheiter som gjorde at eg havna her på Rysstad, seier June Salte Thorsen (33). Ho flytta til Setesdal då ho fekk jobb som lærar her. Etter å ha jobba i Stavanger ei stund, ønska ho å prøve noko anna. Ho tenkte at ho skulle gje det to år. Nå har det gått seks. Ho legg skulda på “ein lokal ein”.

Og det er ikkje berre June som vart verande for kjærleiken. Både Hege Kjær Langeid (36) og Ingunn Retterholt (40) nikkar anerkjennande. Då Hege flytta til Valle for 15 år sidan for å starte i ein sommarjobb på Bergtun Hotell, visste ho knapt kor Valle var. Rimeleg raskt traff ho ein kar som skulle vise seg å bli mannen i hennar liv.

Det er hjarteleg latter i gruppa. Det er visst ei kjend sak at bygda sine mannfolk er særs heimkjære.

 

Men det er også nokre av damene her som har djupe røter i bygda.

- Eg måtte heilt til Australia før eg fann ut at det var i Valle eg høyrde til, fortel Margit Dale (40), nå kjend frå tv-programmet Fjellmat på TV2. Det låg i korta at ho skulle ta over heimgarden ”Systog” i Valle, og då ho flytta følgde både ektemann og barn med på lasset.

- Sjølv om det var eit stort val å ta, har eg aldri angra seier ho, og legg til:

- Det var også lett å få jobb då eg flytta heim. Men som sjukepleiar er det nok enklare enn for mange andre yrkesgrupper.

Vertinna for kvelden, Kristine, fortel at også ho fekk jobb relativt raskt - etter om lag 2-3 månadar.

- Det handlar om å ikkje vere for kravstor, men heller vere fleksibel med tanke på arbeid, skyt Margit inn.

Vel ein å busetje seg i distrikta, må mange rekne med å måtte pendle til nabokommunane for arbeid. Dei fleste tenkjer at dette er heilt greitt. Heimkommunen har ikkje nok jobbar til alle. Rekner ein med ein time køyring kvar veg, kan ein finne arbeid heilt frå Evje i sør til Hovden i nord om ein bur på Rysstad

- Då eg budde i Oslo budde eg sentralt, men eg måtte byte kollektivtransport og det kunne fort ta ein time. Det er ikkje unormalt å måtte bruke ein time til jobb, seier Mona Våge Bjørgum (34).

 

Timane flyg i godt lag og kvelden byrjar å bli sein. Myggen svirrar rundt på jakt etter nye ofre, men damene let seg ikkje skremme heilt ennå. Samtalane er gode og damene har heilt klart mykje felles - fleire av dei er oppvakse i Setesdal og dei kjenner seg att i fleire av temaa rundt det å bu landleg og i små samfunn. Dei erkjenner at det i ungdomstida dukka opp ein rastlausheit som lokka dei ut av bygda. For ein etter ein blei trongen etter å få nye opplevingar stor, noko som nok er felles for ungdom generelt same kor ein kjem frå.

Men då barna kom, og dei skulle velgje kor dei skulle oppdra dei nye familiemedlemma, var det noko som kalla dei heim att.

- Eg synes det var heilt fint å bu med eitt barn i byen. Det var alltid noko å gjere og alt var så tilgjengeleg. Men då eg fekk nummer to kjende eg at me trong meir luft, meir plass, fortel Mona. Ho budde lenge i Oslo og utanlands før ho for fem år sidan vende tilbake til Setesdal med mann og barn. Då meldte lengsla etter kvilepuls, frisk fjelluft og Setesdal seg.

- Det er ein rolegare kvardag her, som eg set pris på og som eg ser er godt for barna.

Dei andre damene er einige. Dette er ein flott og trygg plass for barn å vakse opp.

 

Dei er godt nøgde med tilbodet i kommunen. June, som er lærar, tykker det er fantastisk å vere lærar i ein liten kommune.

- Det er godt bemanna, det er små klassar og ein ser alle elevane. Som lærar set eg pris på den gode tida ein har med kvar enkelt elev. Så har ein også store og flotte uteområde, fortel June.

Diskusjonen gjeng rundt bordet og det er alltid noko som kan bli betre, men i det store og heile opplev dei at kommunen har eit godt tilbod til innbyggjarane sine. Dei kan endå til fortelje om bading for barnehagebarna.

- Det kan ein skryte av, seier Mona.

- Det er det nok ikkje mange kommunar som kan!

 

Det byrjar å bli seint og myggen er nå så intens at endå til ein hardbarka setesdøl må sjå kampen tapt. Men ein ting er alle damene einige om at dei skal ta med seg frå denne kvelden:

- Alle me rundt bordet her trives og har intensjonar om å bu i denne vene bygda. Me er altfor få damer her oppe og me må ta godt vare på kvarandre!

 

Underteiknande reiser heim en med ein følelse av at Valle kommune er ein god plass både for liten og stor å leve og bu i. Det er tydeleg at det er eit godt samhald blant innbyggjarane og at nye menneske er hjartelege velkomne til denne flotte kommunen.  

 

 

Intervjua og skrevet av Kathrine Hovet Pentreath