- Ein plass kor ein ikkje forsvinn i mengda

Det er ein solfylt dag i nedre Setesdal, og på ærverdige Hotel Dølen i Evje og Hornnes kommune møter eg dei to lokale ungdomane Amalie Skaiå Larsen og Hilde Skau Tveit, begge to 18 år. Hilde er oppvaksen her på Evje. Amalie flytta hit frå Oslo då ho var 13.

Køyrer du oppover riksveg 9 omtrent i ein time kjem du til Evje og Hornnes kommune. Evje er ei bygd i Evje og Hornnes kommune med rett over 3600 innbyggjarar. Det er to senter i kommunen, Hornnes og Evje.  Kommuneadministrasjonen ligg i Evje. Både Hornnes og Evje har eigen barnehage, skule, SFO,  butikk og kyrkje. I Evje ligg det også det største handelssenter i Setesdal og har eit godt utval av varar og tenestar.

Det er to opne og sosiale ungdomar som møter meg på Evje denne dagen. 

– Eg vart overraska over kor greitt det gjekk å bli kjent med folk på Evje, seier Amalie. Ho og familien flytta til Evje då far hennar fekk jobb her i 2011. Ho traff Hilde same sommaren, og blei raskt ein del av “gjengen”.  

– Eg likar at Evje ikkje er så stort, alle veit kven kvarandre er og vi er ein samansveisa gjeng. For meg har det bare vore positivt, men eg er også veldig sosial av meg, ler Amalie.

Hilde er født og oppvaksen på Evje og trivs godt her i bygda.

– Det er ein veldig trygg og god plass å vakse opp. Å gå heim aleine litt seint ein fredagskveld hev aldri kjendest utrygt her, fortel ho.  

-Vi ble ein veldig samensveisa gjeng det siste året på vidaregåande og me hev gjort mykje saman fortel Amalie. Vi samlast for å vere med kvarandre, sjå på film og rett og slett berre ”henge”. –Alt treng ikkje være så gøy heile tida, det handlar om å vere saman med gode venner og berre slappe av. Ingen stress. 

Dei to jentene blir veldig engasjert då me kjem inn på temaet fasade og press for ungdomen i dagens samfunn.

– Eg har aldri følt eit press her på Evje til å passe inn, fortel Amalie. Ho opplevde ein stor forskjell frå Oslo, då ho flytta i sjuande klasse. Hilde er einig,  her er “alt lov” . Ein kan vere den ein vil, om det er ein som trivast best i joggeklede eller om ein har ei rådyr jakke, så er det ingen som  bryr seg om det. Dei set pris på at dei ikkje treng å tenke på fasaden. Dei tykkjer det er utruleg godt å sleppe å skulle leve opp til ”det perfekte” imaget.

Amalie er ei engasjert jente, med mykje på gong. Ho er politisk aktiv, sat i styret for russerevyen og har ikkje minst vore engasjert i arbeidet med å etablere eit ungdomsråd i Setesdal, gjennom prosjektet Setesdal Grûnder og Samfunnsutvikling.  Gjennom ungdomsrådet og prosjektet, har ho prata mykje med ungdomen i Setesdal, og dei aller fleste ynskjer å bu og jobbe her etter endt utdanning. 

– Eg ynskja å bli helsefagarbeidar, denne linja har dei på den vidaregåande skulen på Hornnes, samtidig som det er gode moglegheiter for jobb i dette yrket fortel Hilde. Amalie er på veg til Stavanger for å ta ein bachelor i statsvitenskap. – Men når tanken om å slå seg til ro kjem, då ynskjer eg at det er jobb for meg her på Evje slik at eg kan kome heim.  

– Så opplev eg at det er eit godt gründer-miljø i Setesdal, og det er kjempebra, fortel Amalie engasjert. Gjennom prosjektet Setesdal Gründer og Samfunnsutvikling har business-gruppa, som ho er ein del av, jobba for å få ned terskelen for at ungdom skal få støtte til nye prosjekt. Det er mange ungdomar som sit på idear som dei har lyst til å sette til livs.
– Då er det utruleg positivt at Setesdal har fokus på ungdomen – det er ungdomen som er den berekaftige framtida! 

Då eg spør jentene om kva dei tenkjer om framtida, er dei begge klare på at dei ynskjer at deira barn skal få den same gode, trygge oppveksten som dei hadde sjølv.

– Eg trur føresetnaden er betre for ein god oppvekst på ein mindre plass. Ein plass kor ein ikkje forsvinn i mengda seier Amalie. Hilde er einig.

– Eg ynskjer at framtida for meg og mine barn skal vere på Evje.

Med snakk om barn og oppvekstvilkår kjem dei inn på temaet skule. Den vidaregåande skulen på Hornnes er dei særs nøgd med og deg har bare gode ord å sei om den vidaregåande skulen i kommunen. Sidan skulen ikkje er så stor, blei me godt kjend med lærarane og me opplevde at dei stolte på oss. Klassen deira var blant anna den fyrste klassen sidan 1992 som arrangera revy, i godt samarbeid med lærarar og kommunen. 

– Det var ei kjempepositiv oppleving, og me fekk masse hjelp av både kommunestyret og av kulturansvarleg i kommunen.

Eg spør dei om tenestetilbodet i kommunen, er dei nøgd med det? Ein skulle kanskje tru at for ungdommen er det storbyen som gjeld, eit ønske om at det skal skje noko kvar dag, døgnet rundt?

– Det er sentralt her på Evje, berre ein time til Kristiansand, om ein ynskjer ein bytur. Elles har ein det ein treng her - ein vidaregåande skule, slik at ein ikkje må flytte, eit godt idrettsmiljø, gjennom blant anna Otra IL, flott natur, ein ungdomsklubb og korte avstandar til det meste, seier Amalie

– Ungdomen trivast på Evje, avsluttar Amalie som saman med Hilde, har gitt meg eit bilete av ein engasjert, open og inkluderande ungdom i nedre Setesdal. Framtida er i trygge hender. 


Frå venstre: Amalie Skaiå Larsen og Hilde Skau Tveit