Om Landlivsgruppa

I denne gruppa finn du Dreng Ose frå Ose, Sveinung Skjevrak frå Longerak, begge i Bygland kommune, Hege Trydal bur på Trydal i Bykle kommune, Kathrine Hovet Pentreath som bur på Evje og Anne Løyland som bur på Ose – dei forskjellige kommunane i Setesdal er godt representert med andre ord!

Landlivsgruppa er ein engasjert gjeng som kort sagt ønskjer å framsnakke landlivet og fremje bulyst i Setesdal! 
Me ønskjer å få fram det gode livet på landet med kvilepuls i kvardagen, halde liv i bygdene og me har eit sterkt ønskje om "Lys i alle vindauge". 
Me i Landlivsgruppa set stor pris på landlivet me har her i Setesdal, og med kjenskap til at "småbruk" er det mest søkte ordet på Finn.no. Fleire og fleire ønskjer ein rolegare kvardag med lågare tempo og ein draum om ”Livet på landet”.
Derfor opperetta me ei prosjektstilling "Landlivskontakten", som kan kontaktas av dei som kunne tenkje seg å flytte til Setesdal, vite kva som skjer i kommunane, forhøyre seg om ledige jobbar, buligar, småbruk og liknande.

Det andre store prosjektet me har arbeida med er korleis kan me få formidla den gode kvardagen? Kvilepuls? Landliv på sitt beste? 
Det måtte bli ein film! Me starta eit samarbeid med ein fotograf med eit brennande hjarte for Setesdal –  fotograf Anders Martinsen.
Mannen som stod bak kamera på blant anna ”Fjellmat” som gjekk på TV2 hausten 2015.
Då var me i gong! Saman med ein gjeng frivillige sjeler så har me over det seiste året arbeidet med ein kjempe flott film av Setesdal.
Ein film som syner det gode livet i Setesdal, det som kvar kommune har som gode i kvardagen.
Me er veldig stolte av filmen og håper den kan bidra med både bulyst og auke interessa for Setesdal.
Filmen skal forhåpentlegvis verte brukt av alle kommunane i marknadsføring av Setesdal. 

Me har også arbeida med ei spørjeundersøking, som vil vere med å kartlegge bulyst i Setesdal, trivs du som bur i dalen, kan du tenke seg å flytte til Setesdal, kva det som er avgjerande for at du flyt til Setesdal, som jobbmoglegheiter, kultur, friluft, skular og liknande.
Rapporten frå denne undersøkinga vil bli lagt fram for kommunane og regionrådet, og vil forhåpentlegvis bidra til nokre tiltak for å fremje tilflytning og behalde dei som bur i dalen.